Lofthus Ekspedisjon + Morellfestival

Bli frivillig på Morellfestivalen

Me skal også i år vera med å arrangera Morellfestival på Lofthus 27.-29. juli, og treng i samband med dette frivillige.

Morellfestivalen er for mange mest kjende for NM i morellsteinspytting, men det blir også mange konsertar og god mat under festivalen.

Me treng frivillige til å stå i dei ulike barane, vaktar som ser til at alt går bra med gjester, passar på at folk oppfører seg inne på området, og dessutan servering og rydding.

UNDER 18 år: Dei under 18 år vil få oppgåver som ikkje er vakthold- og alkoholrelatert. Dette inneber rydding, påfyll, servering av mat etc.

Om du har spørsmål, kontakt oss på post@lofthusekspedisjon.no eller ring +47 944 54 755.

Søk i god tid. Me tek inn frivillige i tia fram mot festivalen.